Hytter for sal

Påbegynte og ferdige hytter til sals på Nisser Hyttegrend

Her på Nisser Hyttegrend kan me i samarbeid med Smarte Hytter AS by på totalpakker med hytte og tomt til gunstigste priser!

  • Me tilbyr totalpakke med nøkkelferdig hytte på sjølveigartomt frå kr. 2.450.000.
  • Sjølveigartomter uten byggjeklausul frå kr. 490.000.

For mer info ang hytter fra Smarte Hytter AS, se smartehytter.no

Smarte 73 – ei prisgunstig pakke!

På sjølveigartomt nr. 13 har me nå for sal ei prosjektert Smarte 73-hytte med tre soverom. Pris 2 750 000,-

Smarte 73 – FINN.no

Hyttemodellar frå Smarte Hytter

Nisser Hyttegrend samarbeider med Smarte Hytter, som leverer fleire ulike modellar til ein meget god pris! Tomtene har ikkje byggjeklausul, så kjøpar stend fritt til å velgje ein anna hytteleverandør dersom det skulle vere ønskeleg. Her er ein liten oversikt over dei ulike modellane Smarte hytter tilbyr:

Standardmodell Smarte 50

Ein stor, liten standardmodell. Store vindauge, og stor takhøgde i kjøkken/stoge gjer følelsen av ei stor hytte på få m².

  • 50m²
  • Entré, kjøkken/stoge, bad og to soverom. Hytta kan og leverast med sovehems.

Smarte 68

Vår Smarte 68 er ein hyttemodell med open løysing og store vindauge. To soverom og ein hems gjev rikeleg med plass. Veldig god takhøgde i kjøkken/stoge. Her får ein opplevelse av luft og lys!

  • 68m²
  • Entré, bod, kjøkken/stoge, bad, to soverom og hems

Smarte 88

Hytta har overbygd inngangsparti med utvendig bod, og overbygde frontskjermar som beskyttar mot veir og vind utan å øydeleggje for utsikten. Fast trapp opp til loftstue med eit innvendig vindauga gjev ei ljos og oversiktleg romfølelse. Eige soverom med god plass i 2. etg. Denne hytta har plass til mange, og klarer framleis å vere ei lita hytte.

  • 88m²
  • 1. Etg.: entré, stoge/kjøkken, bad og to soverom
  • 2. Etg.: loftstoge og eit soverom

Smarte 102

Denne hytta er ein utvida modell av Smarte 88, og byr på heile 5 soverom og ei ekstra loftsstoge. Her har ein god plass til heile familien! Mykje hytte for pengane!

  • 102m²
  • 1. Etg.: entré, stoge/kjøkken, bad og tre soverom. Utvendig bod
  • 2. Etg.: loftstoge og to soverom

Smarte 124

Denne modellen har ark i front, og me har fokusert på ljos, utsikt og gode fellesområde. Med mange og store vindauge kjem naturen heilt inn i hytta. Her har ein flere fine sitjeplassar, og benken på kjøkkenet er perfekt for ein morgonkaffe med utsikt til naturen. Her kan barn og voksne være i same rom, men nytte forskjellige område. Ein raus gang med plass til garderobe og trapp til 2.etg. Eige vaskerom/bod der ein kan rote litt uten at det synast. Ei smart familiehytte!

  • 124m²
  • 1.Etg.: Entré/gang, bad, vaskerom, stoge/kjøkken og tre soverom
  • 2. Etg.: loftsstoge og eit soverom

Skreddersydde hytter

Alle modeller kan justeres etter kundens egne ønsker, og vi tegner også gjerne andre modeller, både mindre og større.

Smarte Hytter kan nå levere alle sine hyttemodeller i laftutførelse med Isolaft® byggesystem.

Ønsker du torvtak, villmarkspanel eller lignende, for å få en annen stil på hytta di, så ordner vi det også.

Under kan ein sjå interiørbilete frå hyttene