Tomter for sal – Sjølveigartomter

Nisser Hyttegrend tilbyr tomter med fantastisk utsikt over Nisser og dei kringliggande fjella!

  • Nøkkelferdig hytte på leigetomt frå kr. 2 030 000,- (utsolgt)
  • Nøkkelferdig hytte på sjølveigartomt frå kr. 2 450 000,-

Sjå våre ledige tomter og priser.

Prisane inkluderer all opparbeiing av tomt, fundament og oppsetting av hytte!

Nisser Hyttegrend ligg idyllisk til på Fjone ved Nisser – Telemarks største innsjø. Nissedal er ein ekte heilårsdestinasjon med aktivitetsmogelegheiter sommar og vinter. Vestsida av Nisser er kjent for sine lange, kvite sandstrender og er eit badeeldorado for borna med langgrunne strender I nærleiken er de mange artige stader å bade, små og store vatn, stryk på reint fjell, fossar, kulpar og jettegryter.

Oppmerka turløyper, gode fiskemogelegheiter, sykkelstiar, klatremogelegheiter både inne og ute og kort veg til alpinsenter gjer Nissedal til eit populært hytteområde. Det er lite trafikk på denne sida, og her kan du faktisk finne di eiga strand, di eiga vesle øy, eller eit godt gøymt svaberg.

Nisser Hyttegrend ligg nydeleg til ved vatnet og tomtene har ein spektakulær utsikt. Me kan som dei fyrste i Noreg også tilby leigetomter for flyttbare hytter bare få meter fra vatnet. Dette gjer inngangsprisen og risikoen på hyttemarknaden veldig låg. 

Hyttetomter langs Nisser er veldig populært, og sjeldan kan ein kome så nær vatnet med denne utsikten! Tomtene på Nisser Hyttegrend er på mellom 1/2-2 mål. Tomtene ligg i skråna terreng opp frå vatnet. Prisar er inkludert opparbeiding, plassering av hytte med oppstikk til straum, vatn og kloakk.

Det er eige bryggjeanlegg, leikeplass og felles grillområde/gapahuk på feltet.

Nissedal er ein heilårsdestinasjon, slik at hyttene enkelt kan leigast ut både på den norske og den danske/tyske/nederlandske marknaden heile året dersom ein ynskjer leigeinntekter på hytta si.

Firmahytte eller for storfamilien?

Kjøp ei tomt og plasser to-tre Smarte Hytter i tun! Rimelegare løysing finn du ikkje! Alle får eige bad, og fleire familiar kan vere her samtidig. Utleigemogelegheitane er mange. Miljøvenleg profil er viktig i næringslivet. Smarte Hytter er eit rimeleg alternativ til kjempestore tømmerhytter med 5 bad og eige svømmebasseng.

Veljer de tomt i Nissedal, kan hytta også brukast kvar einaste helg heile året – i staden for å ha dyre firmahytter i alpinbakken som står tomme fra april til november.