Det er gode skøyteforhold på Borstadvatnet. Finn fram skøytene og legg ut på skøytetur.
Om skiføret let vente på seg, så er skøyteisen fin mange stader i Nissedal.
Tjukk is på små vatn
Dei siste vekene har særleg barnefamiliane vore flinke til å kome seg ut for å prøve skøyteisen på vatn og tjønnar i kommunen. Små og store har testa skøyteføret, grilla pølser og drukke kakao ute på isane.
Vegen til Borstadvatn
For deg som har hytte i Nisser hyttegrend, anbefaler me å ta turen opp til Borstadvatnet. Du køyrer mot Fjone skule, der du tek av og køyrer fire kilometer oppover mot Borstad og Hægefjell.
Men pass på, det er meldt varmare ver framover. Ta med eit bor og sjekk at isen er trygg.