Nissedal kommune ligg i Vest-Telemark, og kjend for den store innsjøen Nisser, og for sin flotte natur. Nisser Hyttegrend og området rundt kan by på aktivitetar som:
Aktivitetar
Bade
Bade i krystallklart vatn på kvite sandstrender – Nissedal har kilometervis av fine, kvite sandstrender.
Fiske
Fiske i Nisser (4 mil lang) og fjellvatn i nærleiken – her kan du få både aure (ørret), sik og anna fisk på stang, med garn, oter eller nessjødrag. Fiskekort kjøper du i turistinformasjonen i Treungen.
Oppmerka turløyper og skiløyper
Me har eit godt nett av turløyper i nærleiken både sommar og vinter. På for eksempel Hægefjell 1022 m.o.h. Vinterstid har me oppkøyrde løyper, Fjone Høgfjell, som ligg snøsikkert til på 800-1000 m.o.h.
Sykling
Området er kjent for sitt sykkelvenlege terreng med svaberg, stiar og grusvegar. Ein tur rundt Nisser på ca. 4 mil byr på lett sykkelterreng langs vatnet og ein liten tur med kabelferja over Fjonesundet. Kort veg til Gautefall, med eit av dei beste stisyklingsområda i Noreg.
Klatring
Nissedal er eit av Noregs mest brukte klatreområde med løyper i alle vanskelegheitsgrader. Nisser Hyttegrend og Camping har også innandørs klatrevegg for dei minste og buldrerom for våte dagar.
Alpin
Gautefall Alpinsenter ca. 25 min. Vrådal Alpinsenter ca. 50 min.
Bær og sopp av alle slag
Fjone er kjent for store område med tyttebær, blåbær og ei og anna molte. Sopp som steinsopp, kantarell og traktkantarell finn de i nærleiken av vegen!
Utsikt og stillheit
Nissedal/Fjone er eit område med lite trafikk, her kan du finne di eiga strand, di eiga vesle øy eller eit svaberg om sommaren! Vatnet er klart og botnen er av sand!
- Nisser Camping – Sommarkiosk, Tarzanslynger, klatrevegg, ridehestar, trampoline, båtutleige, festlokale, utleigehytter, arrangement. o.a.
- Kabelferje – ein tur over Nisser med bil, til fots eller på sykkel!
- Fjonesundet kafe
- Keramiker – John Skognes er ein anerkjend kunstnar i området
- Fram – Rutebåt på Nisser om sommaren
- Fjone Landhandel – liten kolonial der du kan bestille mat ferdig pakka på førehand.
- Arendal – 1 t 40 min
- Kristiansand – 2 t. Dyreparken – ein fin dagstur!
- Skien, Porsgrunn, Kragerø – 1 t 45 min – 2t.
- Treungen sentrum – små butikkar, kafear og brygge
- Treungenfestivalen
- Naurak-tunet
- Pipo Leikesenter – for barna!
- ”Hylen” – 10 min. Badekulp
- Jettegrytene – Naturens eige badeland
- Fyresdal – 1 t. Koseleg sentrum, Kvipt – gjestegard med servering av gardsmat
- Åmli – 40 min. Sandå Glasstue, kraftverksmuseum
- Hillestadlåven – 1 t. Galleri
- Vrådal – 30.min – Galleri, Sommarland, Jolenissens Posthus
- Bø Sommarland – 1t.45 min.
- Steinsenteret
- Gjestgiveriet
For meir informasjon om Nissedal kommune anbefalar me kommunens eigne sider www.nissedal.kommune.no