Aktivitetar

Nissedal kommune ligg i Vest-Telemark, og kjend for den store innsjøen Nisser, og for sin flotte natur. Nisser Hyttegrend og området rundt kan by på aktivitetar som:

BadeBade

Bade i krystallklart vatn på kvite sandstrender – Nissedal har kilometervis av fine, kvite sandstrender.

FiskeFiske

Fiske i Nisser (4 mil lang) og fjellvatn i nærleiken – her kan du få både aure (ørret), sik og anna fisk på stang, med garn, oter eller nessjødrag. Fiskekort kjøper du i turistinformasjonen i Treungen.

Oppmerka turløyper og skiløyper

Me har eit godt nett av turløyper i nærleiken både sommar og vinter. På for eksempel Hægefjell 1022 m.o.h. Vinterstid har me oppkøyrde løyper, Fjone Høgfjell, som ligg snøsikkert til på 800-1000 m.o.h.

Sykling

Området er kjent for sitt sykkelvenlege terreng med svaberg, stiar og grusvegar. Ein tur rundt Nisser på ca. 4 mil byr på lett sykkelterreng langs vatnet og ein liten tur med kabelferja over Fjonesundet. Kort veg til Gautefall, med eit av dei beste stisyklingsområda i Noreg.

KlatringKlatring

Nissedal er eit av Noregs mest brukte klatreområde med løyper i alle vanskelegheitsgrader. Nisser Hyttegrend og Camping har også innandørs klatrevegg for dei minste og buldrerom for våte dagar.

AlpinAlpin

Gautefall Alpinsenter ca. 25 min. Vrådal Alpinsenter ca. 50 min.

Bær og sopp av alle slagBær og sopp av alle slag

Fjone er kjent for store område med tyttebær, blåbær og ei og anna molte. Sopp som steinsopp, kantarell og traktkantarell finn de i nærleiken av vegen!

Utsikt og stillheitUtsikt og stillheit

Nissedal/Fjone er eit område med lite trafikk, her kan du finne di eiga strand, di eiga vesle øy eller eit svaberg om sommaren! Vatnet er klart og botnen er av sand!